Jobb hos oss
– og bli ein del av den neste bølgja?
Målet vårt i Havtech er å lage enkle og intuitive, moderne produkt som gjer det endå kjekkare å arbeide innen fiske, frakt og havbruk.
Vi gjer det manuelle digitalt, det tunge lett, og det komplekse forståeleg. Gløym gamaldags lottavregning og lange telefonlister i Excel – vi er her for å endre korleis vi jobbar, leverer og tenker smartare.
No søkjer vi deg – ja, nett deg – for å navigere den neste bølgja av digital utvikling i den maritime sektoren.
Dette trur vi på i Havtech:
Fleksibel kvardag
Tilpass arbeidsdagen din for ein god balanse mellom jobb og privatliv. og om du ynskjer å jobbe heimefrå av og til, går det sjølvsagt heilt fint òg.
Karriereutvikling
Havtech er tufta på samarbeid og delingskultur. Vi legg vekt på din vekst, kontinuerlig utvikling og vi gjer deg den påfyllinga du treng.
Engasjerende kultur
Hos oss finn du ein arbeidsplass der samarbeid, openheit og eit ekte ynskje om å bidra positivt til samfunnet, står i sentrum.
Kom og sett ditt preg på framtida
– får vi deg ombord?
Hos oss møter teknologi, menneskeleg varme, og her blir du ein del av eit team beståande av draumarar, praktikarar og programmerarar som ser digitaliseringa som det store blå – som uendeleg og fullt av moglegheiter.
Ledige stillinger:
Er du klar for å bli ein del av den neste bølgja?
Målet vårt i Havtech er kort og enkelt å lage enkle og intuitive, moderne produkt som gjer det enda kjekkare å arbeide innen den maritime næringa. Vi gjer det manuelle digitalt, det tunge lett, og det komplekse forståeleg. Vi er her for å transformere korleis vi jobbar, leverer og tenker smartare.
No søkjer vi deg – ja, nett deg – for å navigere den neste bølgja av digital utvikling i den maritime sektoren.
Hos oss møter teknologi, menneskeleg varme, og her blir du ein del av eit team beståande av draumearar, praktikarar og kodarar som ser digitaliseringa som det store blå – som uendeleg og fullt av moglegheiter.
Er du klar for å bli ein del av den neste bølgja? Kom og sett ditt preg på framtida. Vi kan nesten ikkje vente med å ha deg om bord!
Kva ser vi etter?
Programmererar som liker å ta ansvar og å jobbe i lag med andre. Vi er opptekne av samarbeid, både med kollegaer, kundar og leverandørar. Har du erfaring med dei teknologiane vi bruker, som Azure Cloud, .NET/ C#, Angular, TypeScript, PostgreSQL er det ein fordel. Det viktigaste er uansett viljen til å lære og utvikle seg.
Vi håper du har engasjement for faget ditt, tenkjer heilheitlege løysingar, er nysgjerrig etter å lære og bruke ny teknologi. Du beherskar både norsk og engelsk. Samtidig samarbeider du godt med andre, delar din kompetanse og bidreg til eit godt fagleg og sosialt miljø
Om Havtech
Sidan 2021 har vi samarbeida med lokale rederi på Vestlandet for å skape digitale løysingar som effektiviserer den maritime næringa. Med ei sterk drivkraft for framtidsretta teknologi og havet har vi skapt “Ombord”, ei enkel alt-i-eitt-løysing for maritim administrasjon. Målet vårt er å gjere kvardagen både enklare og meir gjevande for rederi og mannskap.
Vi har base i Holmedal, Vestland, og er i dag 6 tilsette. Vi har også arbeidsplassar på Peak Sunnfjord i Førde.
Dette trur vi på i Havtech:
Fleksibel kvardag : Tilpass arbeidsdagen din for ein god balanse mellom jobb og privatliv.
Karriereutvikling : Havtech er grunnlagt på samarbeid og delingskultur. Vi legg vekt på din vekst, med kontinuerlege utviklingsmoglegheiter og den påfyllinga du treng.
Engasjerande og støttande kultur : Hos oss finn du ein arbeidsplass der samarbeid, openheit og eit ekte ynskje om å bidra positivt til samfunnet, står i sentrum.
Søknad/spørsmål sendast til: kjartan.habbestad@havtech.no
Viss du ikkje finn ei ledig stilling som passar deg, send oss ein open søknad. Vi er alltid på jakt etter gode folk – både med og utan erfaring.
Kva seier dei ansatte?
“Havtech er ein god stad å jobbe fordi det er moderne teknologi, spennande arbeidsoppgåver, og sidan vi ikkje er mange tilsette har ein stor påverknadskraft om ein vil. Og kjekke kollegaer, sjølvsagt.”
“Det er fleire grunnar til at eg trivst! Den første er folka. Det er veldig gjevande å jobbe med folk som eg oppriktig meiner er nysgjerrige, kompetente, inderlege og positive. Her jobbar eg med ei gruppe som verkeleg har trua på det dei driv med, ein stå-på-vilje for å få det til å skje, og som stolar på kvarandre. Den andre grunnen er at vi er ei nyoppretta bedrift, der ein har høve til å styre si eiga rolle og arbeidskvardag. Det gir i alle fall meg motivasjon til å gjere mitt beste.”
Korleis kan vi endre din kvardag?
Er du klar for å oppdage korleis OMBORD kan endre din kvardag? Ta det første steget i dag!
Havtech AS
Holmedalsvegen 6,
6982 Holmedal
Tlf: (+47) 952 43 117
Epost: post@havtech.no