Møt oss

– menneska bak teknologien.

Drivkrafta vår er eit ektefølt ynskje om å gjere kvardagen enklare og meir gjevande for deg, anten du er reder, rederiansatt, eller mannskap.

Har du lyst til å finne ut korleis OMBORD kan vere den perfekte løysinga for deg? Kvifor ikkje ta ein kaffi med oss? Vi ser fram til å høyre frå deg!

Havtech kontakt oss
Kjartan-Habbestad-jpg
Daglig leiar

Kjartan Habbestad

(+47) 952 43 117
kjartan.habbestad@havtech.no

Kjartan er utdanna samfunnsvitar frå Universiteta i Tromsø og Bergen og har jobba med programvare i 15 år. Han er særleg oppteken av det som skjer i skjæringspunktet mellom brukarar og utviklarar for å finne dei beste løysingane for kundane våre. Kjartan er nysgjerrig, stadig på jakt etter dei smartaste løysingane, og kjend for å gå “all in” i alt han gjer. Han er framoverlent, solid og har erfaringa som held oss på ein stø kurs.

Ann-Kathrin-Harklau-jpg
Sals- og marknadssjef

Ann Kathrin Haarklau

(+47) 481 67 141
ann.kathrin.haarklau@havtech.no

Ann Kathrin er utdanna innan økonomi og har jobba som kunderådgjevar for bedrifter, særleg innan fiskeri- og havbrukssektoren, i 13 år. Ho brenn for gode kundemøte, er alltid positiv, og har eit smittande, sprudlande humør og engasjement. Det strategiske tankesettet og hennar auge for detaljar er gull for alle oss som jobbar med henne.

Kristoffer-Hatlevik-jpg
Utveklar

Kristoffer Hatlevik

(+47) 958 77 820
kristoffer.hatlevik@havtech.no

Kristoffer tok bachelorgraden sin i marin teknikk ved Høgskulen på Vestlandet og har erfaring som både prosjektkonsulent og utviklar. Kombinasjonen av å vere smart, hardtarbeidande og modig gjer Kristoffer til ein utviklar av rang. I tillegg er han ein skikkeleg gledesspreiar med eit sterkt ønske om å gjere det enklast og best for deg som kunde.

Fredrik
Senior utviklar

Fredrik Haugsbø

(+47) 991 02 835

Fredrik er utdanna innan datateknologi ved Universitetet i Bergen. Han har fleire år bak seg som systemutviklar og systemarkitekt, og har blant anna mykje erfaring med smarte løysingar for mobil. Ein av dei største styrkane til Fredrik er hans genuine interesse og nysgjerrighet for faget. Det gjer at han alltid er oppdatert med siste kunnskap, og det gjer han teknisk god! I tillegg er han ein balansert type med eit ekte ønske om å hjelpe andre. Ein skikkeleg ressurs for alle oss rundt.

Utviklar

Richard Stølen

(+47) 993 40 437

Richard har fullført ein bachelor i IT, og flytta nyleg heim att frå Bergen. Han er vår unge, lovande, som spreier god stemning rundt seg med god humor. Richard suger til seg alt av ny kunnskap og er ekstremt oppteken av detaljar. Dette, saman med det sterke engasjementet hans for faget, gjer han ekstremt god i det han held på med.

Korleis kan vi endre din kvardag?

Er du klar for å oppdage korleis OMBORD kan endre din kvardag? Ta det første steget i dag!

Book ein demo

Havtech AS

Holmedalsvegen 6,
6982 Holmedal

Tlf: (+47) 952 43 117
Epost: post@havtech.no

Følg oss