Jobb hos oss

– og bli ein del av den neste bølgja?

Målet vårt i Havtech er å lage enkle og intuitive, moderne produkt som gjer det endå kjekkare å arbeide innen fiske, frakt og havbruk.

Vi gjer det manuelle digitalt, det tunge lett, og det komplekse forståeleg. Gløym gamaldags lottavregning og lange telefonlister i Excel – vi er her for å endre korleis vi jobbar, leverer og tenker smartare.

No søkjer vi deg – ja, nett deg – for å navigere den neste bølgja av digital utvikling i den maritime sektoren.

Havtech jobb her

Dette trur vi på i Havtech:

Fleksibel kvardag

Tilpass arbeidsdagen din for ein god balanse mellom jobb og privatliv. og om du ynskjer å jobbe heimefrå av og til, går det sjølvsagt heilt fint òg.

Karriereutvikling

Havtech er tufta på samarbeid og delingskultur. Vi legg vekt på din vekst, kontinuerlig utvikling og vi gjer deg den påfyllinga du treng.

Engasjerende kultur

Hos oss finn du ein arbeidsplass der samarbeid, openheit og eit ekte ynskje om å bidra positivt til samfunnet, står i sentrum.

Ocean Azur waves

Kom og sett ditt preg på framtida

– får vi deg ombord?

Hos oss møter teknologi, menneskeleg varme, og her blir du ein del av eit team beståande av draumarar, praktikarar og programmerarar som ser digitaliseringa som det store blå – som uendeleg og fullt av moglegheiter.

Ledige stillinger:

Viss du ikkje finn ei ledig stilling som passar deg, send oss ein open søknad. Vi er alltid på jakt etter gode folk – både med og utan erfaring.

Send oss ein open søknad

I det kommande året ser vi fram mot mange spennade prosjekt og oppgåver i Havtech. Fleire av dei som jobbar her også har spesielt spennande oppgåver på heimebane i året som kjem, og det gjer at dei blir litt sjeldnare å sjå hos oss. Det gjer at vi søkjer deg — ja, nett deg — som har lyst å jobbe saman med oss og utvikle programvare — og deg sjølv — i 2026

 

Programmererar som liker å ta ansvar og å jobbe i lag med andre. Vi er opptekne av samarbeid, både med kollegaer, kundar og leverandørar. Du er gjerne nyutdanna, eller med noko erfaring. I Havtech vil du uansett få mykje praktisk erfaring i dei teknologiane vi bruker, som Azure Cloud, .NET/ C#, Angular, TypeScript, PostgreSQL. Ved siden av utdanninga di er det alle viktigaste du tek med deg viljen til å lære og utvikle deg.

Vi håper du har engasjement for faget ditt, tenkjer heilheitlege løysingar, er nysgjerrig etter å lære og bruke ny teknologi. Du beherskar både norsk og engelsk. Samtidig samarbeider du godt med andre, delar din kompetanse og bidreg til eit godt fagleg og sosialt miljø.

Type stilling: Vikariat (heiltid)
Arbeidsstad: Holmedal / Førde
Søknadsfrist: 12.12.2025

Kontaktperson for stillinga:
Kjartan Habbestad
Telefon: 952 43 117
E-post: Kjartan.habbestad@havtech.no

Søk på stilling som systemutviklar

Kva seier dei ansatte?

«Havtech er ein god stad å jobbe fordi det er moderne teknologi, spennande arbeidsoppgåver, og sidan vi ikkje er mange tilsette har ein stor påverknadskraft om ein vil. Og kjekke kollegaer, sjølvsagt.»


«Det er fleire grunnar til at eg trivst! Den første er folka. Det er veldig gjevande å jobbe med folk som eg oppriktig meiner er nysgjerrige, kompetente, inderlege og positive. Her jobbar eg med ei gruppe som verkeleg har trua på det dei driv med, ein stå-på-vilje for å få det til å skje, og som stolar på kvarandre. Den andre grunnen er at vi er ei nyoppretta bedrift, der ein har høve til å styre si eiga rolle og arbeidskvardag. Det gir i alle fall meg motivasjon til å gjere mitt beste.»

Havtech om oss med kaffikopp

Eit glimt av kvardagen

Korleis kan vi endre din kvardag?

Er du klar for å oppdage korleis OMBORD kan endre din kvardag? Ta det første steget i dag!

Book ein demo

Havtech AS

Holmedalsvegen 6,
6982 Holmedal

Tlf: (+47) 952 43 117
Epost: post@havtech.no

Følg oss