Havtech

– skapar digitale løysingar for eit enklare liv på havet

I Havtech kombinerer vi det beste frå to verder – djup teknologiinnsikt og lidenskap for havet. Med smarte digitale løsninger, arbeider vi for å betre kvardagen for alle dykk som jobbar til havs.

Havtech om oss med kaffikopp
Sunset long waves

Innovasjon for framtida

Siden 2021 har vi samarbeida med lokale rederi på Vestlandet for å skape digitale løysingar som effektiviserer den maritime næringa.

Ved å jobbe innanfor fleire maritime felt, fanger vi det beste frå kvar kategori i løysingane vi tilbyr, og oppdaterer dei fortløpande med ny lærdom frå brukarane.

Med ei sterk drivkraft for framtidsretta teknologi og havet har vi skapt «Ombord» (lenke), ei enkel alt-i-eitt-løysing for maritim administrasjon.

Dette jobbar vi for i Havtech:

Innovasjon som forenklar

Fokuset vårt ligg på å utvikle nyskapande og intuitive løysingar som tar arbeidet ditt og den maritime sektoren saumlaust inn i framtida. Som vi pleier å seie – det skal vere enkelt!

Engasjement & lidenskap

For oss er ikkje engasjement berre eit ord – det er kjernen i arbeidet vårt. Vår lidenskap for maritim sektor driv oss til å alltid levere dei beste tenestene og løysingane til deg, og til samfunnet.

Effektive løysingar basert på ekte behov

Som selskap likar vi å vere tett på. Tett på pulsen på det som rører seg i den marine næringa, og tett på dei digitale løysingane med utviklarar på staden. Vi er drivne av å takle utfordringar med smarte løysingar, og utviklar systema våre kontinuerleg.

Samarbeid som gjer deg suksess

For å skape løysingar som møter felles behov og driv bransjen framover, samarbeider vi tett med kundar og partnarar. Alle som er kundar hjå oss bidreg til at vi kontinuerleg kan utvikle verktøya våre med forbetringar. Dette vil drive heile næringa framover.

Menneska

Hos oss møter du eit team av nytenkande menneske med djupgåande kunnskap om maritim sektor. Vi er eit moderne techselskap, som brenn for å finne dei smartaste løysingane.

Målet vårt er å gjere kvardagen både enklare og meir gjevande for deg, anten du jobbar til sjøs eller på land. Ved å utvikle alt innom hus, sikrar vi raske og tilpassa verktøy som løyser daglegdagse naudsyn. Vi er her for å forstå dine behov og saman finne dei beste løysingane.

Sunset long waves

Korleis kan vi endre din kvardag?

Er du klar for å oppdage korleis OMBORD kan endre din kvardag? Ta det første steget i dag!

Book ein demo

Havtech AS

Holmedalsvegen 6,
6982 Holmedal

Tlf: (+47) 952 43 117
Epost: post@havtech.no

Følg oss