Digitale løysingar for eit enklare liv på havet
Slik at du kan konsentrere deg om det du gjer best – å styre skuta mot nye horisontar.
I Havtech forstår vi djupna av det maritime arbeidslivet. Difor har vi skapt OMBORD – der det enkle møter den komplekse kvardagen på havet. Med få tastetrykk styrer du no mannskapet og flåten gjennom ei digital verd. Vi koplar det maritime med framtidas teknologi, for å lette dine daglege oppgåver.
OMBORD
– Ein app for all maritim administrasjon
OMBORD er din komplette app for ein smidigare seglas. Her finn du sentrale funksjonar som forenklar kvardagen til rederi og mannskap. Frå fiskeri, til havbruk, hurtigbåt og frakt, vi har tilrettelagt slik at du finn alt du treng på ein stad.



Havtech utfordrar oss. Dei held igjen når det trengst og spør: “Er dette rett for langsiktig utvikling?” Det gjer at vi ikkje sit igjen med eit system berre tilpassa våre noverande prosessar, men eit verktøy som kan vekse og bli betre med tida.
– Bjørn Thore Seljelid, Head of Crewing i Wilson ASA









Korleis kan vi endre din kvardag?
Er du klar for å oppdage korleis OMBORD kan endre din kvardag? Ta det første steget i dag!
Havtech AS
Holmedalsvegen 6,
6982 Holmedal
Tlf: (+47) 952 43 117
Epost: post@havtech.no









