OMBORD Aqua

– enklare arkivering og rapportering i samsvar med gjeldande retningsliner.

Mengda informasjon som sirkulerer før, under og etter eit serviceoppdrag kan raskt bli overveldande. I Ombord kan du enkelt og effektivt handtere alle aspekt ved oppdraga dine. Logging, dokumentasjon, avvik og bilete knytt til spesifikke oppdrag vert arkiverte i applikasjonen, og rapporteringa kan gjerast med eitt klikk. Slik slepp du å leite gjennom endelause e-posttrådar for å finne viktig informasjon. Appen sikrar at alle har tilgang til same dokumentasjon til ein kvar tid.

Alle funksjonar

Dette er funksjonane i Ombord som gjer kvardagen enklare for deg som arbeider innan havbruk:

Oppdrag havbruk

Spesialutforma løysingar for ulike serviceoppdrag, tilpassa dine behov. Brukarvennleg med enkel logging og oversiktleg rapportering.

Turnus

Tilpass arbeidstider etter behov, og gjer det enkelt å endre oppsett for å møte uventa utfordringar.

Kviletid

Administrer kviletid for å sikre at mannskapet får den nødvendige kvilen, i tråd med lovkrav og helsestandardar.

Mannskapskommunikasjon

Forbetrar intern kommunikasjon, effektiviserer koordinering, og styrkar samhaldet om bord.

Mitt varsel

Varslingsordninga gjer at medarbeidarar anonymt kan melde frå om uønska forhold. Dette er noko som styrker etikk og tryggleik på arbeidsplassen.

Rapportering av fartstid

Gjev presis og rask registrering av fartstid, som er viktig for sertifiseringar og kvalifikasjonar.

Utleggsbehandling

Forenklar prosessen med å rapportere, godkjenne og refundere utlegg, og reduserer administrativt arbeid.

Reiser

Hjelper med å effektivisere reiseplanlegging og logistikk, og sørger for kostnadseffektive og tidsbesparande løysingar.

Timeregistrering

Enkelt å bruke og gjev presis oversikt over arbeidstid – for nøyaktig lønnsutbetaling og prosjektstyring.

Dokumentasjon

Held viktig dokumentasjon og sertifiseringar oppdaterte og tilgjengelege, noko som sikrar effektiv drift.

Korleis kan vi endre din kvardag?

Er du klar for å oppdage korleis OMBORD kan endre din kvardag? Ta det første steget i dag!

Book ein demo

Havtech AS

Holmedalsvegen 6,
6982 Holmedal

Tlf: (+47) 952 43 117
Epost: post@havtech.no

Følg oss