Saumlaus digitalisering til sjøs for Cruise Service AS

Cruise Service AS tek steget inn i ei digital framtid med hjelp frå Havtech si plattform OMBORD. Cruise Service AS er eit sunnmørsbasert selskap som opererer fleire fartøy innan reiseliv, charter og ferjedrift.

Dei samarbeider tett med Havtech for å forenkle mannskapsadministrasjonen og styrke tryggleiken i drifta.

Digital kompetanse møter maritime behov

Havtech er ei norsk teknologibedrift som utviklar digitale løysingar for maritim drift. Med plattforma OMBORD tilbyr Havtech alt frå mannskapsstyring og kviletid, til fartstidsregistrering og sertifikatkontroll – alt i eitt system.

Løysinga er utvikla for å forenkle kvardagen både på dekk og på kontoret, og gir administrasjonen full oversikt i sanntid.


Cruise Service forenklar drifta med OMBORD

Cruise Service, basert i Langevåg på Sunnmøre, driftar fleire fartøy innan opplevingsbasert reiseliv.

Tre av fartøya driv med turisme og opererer på Sunnmøre og i Tromsø, medan dei tre andre vert nytta i ferjedrift i Holmestrand. Med aukande aktivitet vaks behovet for eit betre system for turnus og bemanning. Tidlegare vart mannskapsplanane haldne i Google Kalender og Excel – ein sårbar og manuell prosess.

Vi såg behovet for ei heilskapleg løysing, seier mannskapssjef Steffen Vollen. Vi valde Havtech fordi dei forstod behova våre og var villige til å tilpasse systemet.

Steffen Vollen, mannskapssjef


Praktisk bruk og konkrete gevinstar

Med OMBORD har Cruise Service fått betre kontroll på bemanning, kviletid og dokumentasjon.

Systemet varslar automatisk om utgåande sertifikat og bemanningsbehov, og fartstid vert logga og sendt direkte til Sjøfartsdirektoratet. I tillegg vert OMBORD brukt til intern kommunikasjon, innsending av reiserekningar og oppfølging av timelister.

Tidlegare tok papirarbeidet mykje tid. No skjer det meste digitalt. Vi sparer tid og får betre oversikt, seier Vollen. Systemet hjelper oss òg med å ivareta tryggleiken, fordi det hindrar feil i kviletid og vakter.

Med OMBORD har rekrutteringsprosessen blitt merkbart enklare. Verktøya for utlysing, oppfølging og evaluering gjer det lett å finne rett kandidat – raskt og effektivt.

 

Partnerskap for framtida

Det løysingsorienterte teamet i Havtech har gitt Cruise Service tryggleik i overgangen.

Vi opplever Havtech som raske, engasjerte og lyttande. Det gjev oss tru på eit langsiktig samarbeid, seier Vollen. Havtech tilpassar og vidareutviklar løysinga i tett dialog med kunden, og nye funksjonar vert implementerte fortløpande.

OMBORD gjer det enklare å vere i forkant – for mannskapet, administrasjonen og heile reiarlaget.Cruise Service tilrår no løysinga til andre aktørar i bransjen som ønskjer trygg og effektiv drift.