To nye på Havtech-laget
Det skjer mykje i Havtech for tida. Nye kundar kjem til, nye prosjekt er på gang – og no har vi også fått to nye kollegaer med på laget. Frå Holmedal byggjer Havtech moderne maritim programvare for rederi og mannskap.
Vi ynskjer velkomen Pål Hegrenes Vindenes (utviklar) og Umberto Iversen (sal) – begge unge, ambisiøse og klare for å vere med på vidare vekst!

Byggjer kompetanse for neste fase
Pål Hegrenes Vindenes er nyutdanna med master i informatikk og startar i utviklingsteamet i eit vikariat i samband med foreldrepermisjonar i 2026. For Pål var valet enkelt:
Det som trigga meg, var at Havtech er eit selskap der eg kjem heilt tett på både produktet og avgjerdene. Her er det kort veg frå ein idé i koden til at løysinga faktisk blir brukt av kundar. Det er utruleg motiverande. Og så er det ekstra kjekt å få jobbe med teknologi i heimbygda – med fem minutt til jobb, smiler han.
For Pål handlar dette om meir enn ein første jobb – det handlar om å få ansvar tidleg og vere med der utviklinga faktisk skjer:
Eg gler meg til å bli endå betre fagleg, men også til å forstå korleis ein bygger eit selskap, ikkje berre eit produkt. Det er ikkje mange stader ein får den moglegheita så tidleg i karrieren.
Styrkar salssida i ei tid med vekst
Umberto Iversen kjem frå salgsjobb i Power og går no inn i salsteamet i Havtech.
Eg ville utfordre meg sjølv og lære noko heilt nytt, og det å kome inn i eit selskap i vekst verka veldig spennande. Her får ein vere med og påverke vegen vidare, ikkje berre ta del i det som allereie er bestemt, seier Umberto.
For han handlar den nye rolla om å vere tett på både kundar og løysingar – og om å lære ein ny bransje frå innsida:
Eg gler meg til å snakke med kundar og rederi, høyre kva dei treng og vere med på å utvikle løysingar som faktisk gjer kvardagen enklare. Frå dag éin har eg blitt tatt imot med opne armar – det er eit skikkeleg godt miljø å kome inn i.
Attraktive jobbar – også utanfor byane
Begge stillingane fekk mange søknader, noko som viser at attraktive, kompetansebaserte jobbar ikkje treng å ligge i storbyane. Havtech er eit godt døme på at teknologi, vekst og framtidsretta jobbar kan byggast lokalt – med kundar og prosjekt langt utanfor regionen.
Dei tilsette i Havtech jobbar frå både Holmedal og Førde, men minst éin dag i veka er heile teamet samla på hovudkontoret i Holmedal for samarbeid, fagleg utvikling og sosialt fellesskap.
Full fart framover
Havtech utviklar og sel OMBORD – ei løysing som gjer kvardagen enklare for rederi og mannskap. Med fleire nye kundar, spennande prosjekt på gang og no også nye folk på plass, ser vi fram til ei svært spennande tid vidare
