Sjøprodukt viser veg

Sjøprodukt har seks fartøy innan servicenæringa og har vore ein viktig pilotkunde for Havtech i utviklinga av sikkerheitsstyring og vedlikehald i OMBORD

Vi såg tidleg at OMBORD hadde mykje av det vi trong, men sikkerheitsstyring og vedlikehald måtte også vere med. Skal ein først digitalisere drifta, må det vere samla og enkelt å bruke, seier dagleg leiar Ronny Larsen

Det vart starten på eit tett utviklingssamarbeid, der Sjøprodukt har bidrege med erfaringar og konkrete innspel frå den operative kvardagen.

 

Frå behov til løysing

For Havtech handla utviklinga om meir enn å lage nye funksjonar. Målet var å gjere sikkerheitsstyring og vedlikehald oversiktleg, tilgjengeleg og enkelt å bruke – både for administrasjonen og for mannskapet om bord.

Sjøprodukt har vore tett på undervegs og testa løysinga i praksis.

No har vi i Sjøprodukt brukt OMBORD ei stund og er særdeles fornøgde med produktet. Det er betre enn forventa. Fin gjeng å samarbeide med er det òg, seier Ronny.

Ronny Larsen, dagleg leiar i Sjøprodukt AS

 

Alt tilgjengeleg på telefonen

Eit viktig mål har vore at mannskapet skal ha enkel tilgang til det dei treng i kvardagen, utan at teknologien gjer arbeidet meir komplisert.

Skipper Geir Jellestad trekkjer særleg fram oversikta og tilgangen på mobilen:

OMBORD gir oss god oversikt over det vi treng i kvardagen – både timar, kviletid og jobbar som skal gjerast. Å gå frå dokument spreidd på ulike stader til å ha alt samla og oversiktleg på telefonen er rett og slett fantastisk. Det er moderne teknologi i botnen, men likevel så enkelt å bruke at sjølv vi karane får det til!

Det er nettopp denne kombinasjonen Havtech ønskjer å oppnå:
moderne teknologi i botnen – enkelt i bruk.

Geir Jellestad, Skipper

 

Teknologi som skal gjere meir av jobben

Utviklinga held fram, og Havtech jobbar vidare med korleis teknologien kan hjelpe reiarlaga med meir enn berre å samle informasjon.

Målet er å gi betre oversikt, gjere det enklare å halde seg fagleg oppdatert og bidra til at dokumentasjon og informasjon er lett tilgjengeleg til ei kvar tid.

Samtidig ønskjer vi å senke terskelen for viktige oppgåver i kvardagen.

Avviksregistrering er eitt døme. I OMBORD kan mannskapet snakke inn eit avvik direkte på telefonen. Det kan også gjerast på eige språk – til dømes polsk – før systemet omset innhaldet til språket reiarlaget bruker.

Tanken er enkel: Når det blir enklare å melde frå, blir det også enklare å få fram det som faktisk skjer om bord.

Dokumentasjon har også leselogg og versjonering, slik at reiarlaget kan halde oversikt over kva som er gjeldande, kva som er endra og kva som er lese.

 

Meir av drifta samla

I dag bruker Sjøprodukt OMBORD på tvers av store delar av drifta – frå rekruttering og turnusplanlegging til timar, kviletid og overføring til løn, i tillegg til sikkerheitsstyring og vedlikehald.

Det er også noko av kjernen i samarbeidet mellom Sjøprodukt og Havtech:
Det som naturleg høyrer saman, bør også kunne samlast.

For mannskapet betyr det færre stader å leite etter informasjon. For administrasjonen betyr det betre oversikt over meir av den daglege drifta.

 

Utviklar vidare – saman

For Havtech har Sjøprodukt vore ein viktig pilotkunde og samarbeidspartnar. Innspel frå både leiinga og mannskap har vore med på å forme korleis sikkerheitsstyring og vedlikehald fungerer i OMBORD i dag.

Det er ekstra kjekt å kunne ha eit slikt utviklingssamarbeid med eit reiarlag i vår eigen region – og å sjå at løysingane vi utviklar saman fungerer i den operative kvardagen.

Samarbeidet held fram. Målet er det same:
å bruke teknologi til å skape betre oversikt, mindre dobbeltarbeid og ein enklare kvardag – både på sjøen og på land.